Dei vidaregåande skolane
ved
Rektor
Prosjektkoordinator
Systemansvarlege
Differensieringsprosjektet
- eiga web-side for skolane og fylkeskommunen
Eg viser til tidlegare utsendt e-post -
11.09.01 - om same sak. Dette er soleis ei påminning og purring. Kontorpersonalet må påsjå at denne e-posten når fram til dei
tre ovanforståande og ELEVRÅDSSTYRET.
Det er oppretta eiga webside for differensieringsprosjektet i Hordaland
(Storprosjektet). Denne er under utforming i desse dagar. Adressa er : http://diff.hfk.vgs.no
Hovudpoenget med ei slik side er sjølvsagt å vere ei
informasjonsside/erfaringsspreiar og møteplass for det som skjer i Hordaland i
regi av Storprosjektet. Derfor må web-sida innehalde informasjon om det som
foregår ved dei respektive skolane. Dei fleste skolane har allereide ei eiga
web-side / heimeside. Vi ber no om at kvar skole på
si webside opprettar ei eiga adresse for differensieringsprosjektet /
Storprosjektet ved skolen og legg inn den reviderte prosjektplanen sin (for
2001/2002) der, samt link til fylket si nettside og den nasjonale nettsida. Sistnemnde
si adresse er http://www.ls.no/prosjekter/differensiering/.
Sist, men ikkje minst, ber vi skolane om å sende ein e-post til nettsideredaktøren
vår, Siv Einebærholm, med
nettadressen til skolen sitt differensieringsområde og liste over
prosjekttitlar-/emne/tema/prosjektskildringar (sjå
vedlegget til denne e-posten!!) som skolen opererer med i Storprosjektet.
Fyll ut skjemaet for kvart av prosjekta og send dei samla til Siv Einebærholm.
Siv Einebærholm si e-postadresse er: sivre@online.no
Dette skulle vore gjort forlengst, men berre dei
færraste har sendt inn til Siv Einebærholm så langt. All honnør til
Bergen Yrkesskule, Voss Jordbruksskule, Ølen vgs og
Fitjar vgs. Desse skolane sendte inn sin prosjektplan m.m. i rett tid. Eg
oppfordrar andre skolar til å gå inn på ein av desse skolane, t.d. Bergen
yrkesskole via Hordalands Storprosjektside http://diff.hfk.vgs.no
og sjå kor bra det blir!!
Nokre skolar bør sjå kritisk på prosjektplanen
sin. Vi har tidlegare instruert skolane om kva som bør stå i ein prosjektplan.
Vi legg ved Askøy vgs sin prosjektplan frå i fjor som illustrasjon på korleis
ein god prosjektplan skal vere. Vi oppfordrar skolar som ser at prosjektplanen
deira ikkje held kvalitativt mål, til å lage ny før han blir sendt over til
Siv Einebærholm.
Vi ber rektor og prosjektkoordinator ved kvar skole sørgje for at det som er kravd ovanfor, blir gjort innan onsdag 31. oktober.
Dersom skolane har spørsmål til denne saka, ta kontakt med meg!Tlf. 55 23 92 28
e-mail: per-morten.nordbotn@hordaland-f.kommune.no